Takk for alle gode , koselige og morrosame minner ️ Èin siste helsing
Takk for alle gode minner! Takk for at du var den rause, trygge og rettferdige bautaen som eg aldri tvila på var glad i meg. Takk for at du krabba rundt på golvet i lange stunder og var hest når eg var lita. Takk for at du lærde meg å like saog og musikk, og takk for alle dei minne eg har om song og musikk i barndomsheimen! I ein heim der det lød alt fra skillingsviser, salmar og gamaldans med meir. Det var ikkje min favoritt når dikkan andre song «Vesleblakken» eller «Tullingen», for da klarte eg ikkje la vere å grine, men eg blir glad når eg høyrer ein gamaldans med fart og sving, og skillingsviser gjer ein viss vemod. Takk for den lune humoren din som gjer meg glad, og som eg dessverre ikkje har arva.
Minna er mange og dei er gode og trygge å ha, og dei lev vidare om du nå har reist! Takk for alt og kvil i fred, Pappa!
Det har blitt et tomrom på Bjønndalen, men heldigvis var du forut for din tid, og skapte mange gode minner, då du skaffet deg tidlig smalfilm kamera og filma heile gjengen i Bjønndalsgrenda frå me var små. Tusen takk!